Har du ein draum om å arrangere ei teaterforestilling, opptre med bandet ditt, sette opp ein musikal med skulen eller ei forestilling med barnehagen e.l. i Fosnavåg Konserthus? No kan du søkje om økonomisk støtte frå OLYMPIC KULTURFOND.
Olympic Subsea ASA er eit rederi med sterk lokal forankring og vi ynskjer å vere ein aktiv samfunnsaktør som bidreg til at kommuna vår skal vere ein god stad å bu i. Kultur skapar trivsel og det flotte konserthuset legg til rette for at kulturlivet vil blomstre i Herøy.
OLYMPIC KULTURFOND vil inspirere og bidra til at huset vert eit "folkets hus" og ein arena for variert kulturaktivitet i Herøy kommune.
Velkomen til å søkje om støtte frå OLYMPIC KULTURFOND!