Sponsormidlar

Olympic er ein aktiv samfunnsaktør som sponsar breidt innanfor idrett, kultur og andre gode formål for innbyggarane i lokalsamfunnet på Søre Sunnmøre. Vi ynskjer å støtte tiltak som bidreg til gode oppvekstvilkår for born og unge, eller som bidreg til eit levande lokalsamfunn. Det er viktig for Olympic at midlane vert til glede for flest mogleg.

Kven kan søkje?

Vi støttar frivillege lag og organisasjonar, fortrinnsvis innanfor barn og ungdomsarbeid. Vi er opptatt av å støtte mangfaldet og breidda i positive samfunnsaktivitetar på Søre Sunnmøre. 

Korleis søkje?

Vi oppfordrar til å søkje i god tid før arrangementet skal vere ved å sende ein mail til ​​sponsor@olympic.no​​

Gjenytelse

Når Olympic bidreg med sponsormidlar forventar vi at desse midlane har ein profilbyggande effekt for merkevara OLYMPIC. Det kan vere at dei som får midlar bruker OLYMPIC sin logo på ein synleg og korrekt måte, eller stiller opp i media og profilerar OLYMPIC på ein positv måte.

Logo kan lastast ned via heimesida vår, under "media".