Olympic kulturfond

Har du ein draum om å arrangere ei teaterforestilling, opptre med bandet ditt, sette opp ein musikal med skulen eller ei forestilling med barnehagen e.l. i Fosnavåg Konserthus? No kan du søkje om økonomisk støtte frå OLYMPIC KULTURFOND.

Kvifor eit kulturfond?

Olympic Shipping AS er eit rederi med sterk lokal forankring og vi ynskjer å vere ein aktiv samfunnsaktør som bidreg til at kommuna vår skal vere ein god stad å bu i. Kultur skapar trivsel og det nye flotte konserthuset legg til rette for at kulturlivet vil blomstre i Herøy.

OLYMPIC KULTURFOND vil inspirere og bidra til at huset vert eit "folkets hus" og ein arena for variert kulturaktivitet i Herøy kommune.

Kven kan søkje

  • Alle frivillege lag, organisasjonar, skular og barnehagar i Herøy.
  • Profesjonelle utøvarar frå Herøy eller med nær tilknyting til Herøy.

Retningsliner

  • Fondet støtter med inntil kr 10.000,- per arrangement.
  • Det vert ikkje gitt støtte til arrangement som allereie er avholdt.
  • Støtte til arrangement i Fosnavåg Konserthus vert prioritert, men andre kan også søkje.
  • Olympic Kulturfond vil setje pris på positiv omtale i forbindelse med utdelt støtte.
  • Søknadar skal sendast inn til e-post: kultur@olympic.no

Velkomen til å søkje om støtte frå OLYMPIC KULTURFOND!